Barnehagane i Luster kommune skal frå hausten 2010 satse på eit pedagogisk opplegg som heiter Steg for Steg.
Felles planleggingsdag for alle barnehagetilsette 18. juni vart starten på dette arbeidet.
Kurshaldar Wenche Kamp Øibrekken inspirerte og snakka om vaksenrolla i barnehagen. Mange fekk ein dag med fagleg påfyll, idear og positiv giv til å starte på eit nytt barnehageår.
Steg for steg er eit undervisningsopplegg med fokus på å utvikle barn sin sosiale kompetanse og redusere impulsiv og aggressiv atferd. Dette vert gjort i arbeidet med dei tre hovudområda: Empati, problemløysing og meistring av sinne.